C1E

KL C1E - Lett lastebil med tilhengar:

 
Denne klassa gjeld føring av lettlastebil og trekke ein tilhengar med ei tillatt totalvekt på over 750 kg.
Ein kan trekke ein tilhengar med ei tillatt totalvekt over 750 kg når den tillatte totalvekta for lastebilen og tilhengaren til saman er maks 12 000kg. 

Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg.

Minstealder: 18 år.

Alle som skal ta førarkort i tyngre klasser må ha godkjent helseattest frå lege. Denne skal leverast på trafikkstasjonen. Vi anbefalar å skaffe dette, samt søke om førarkort så snart du har fått bekrefta elevplass.

Dersom du skal køyre lett lastebil i yrkessamanheng må du også ha yrkessjåførutdanning for gods.

Trinnvis opplæring

Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg.
Trinn 1: 
Opplæringa i klasse C1 utgjer det første trinnet i klasse C1E.

Trinn 2:
Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
Sikkerheitskurs på veg - 4 timar. Obligatorisk kurs.

Avsluttande opplæring før førarprøve.

Ønsker du meir informasjon, pristilbod eller timeplan?